Det såg litt mørkt ut på morgen når det gjaldt veret, men utrulig nok vart det opphald og litt solgløtt innimellom utover dagen. 97 personer som gjekk eller løp opp totalt er det meste me har vore siden løpet starta i 2010. Av desse var det 19 i konkuransseklassen.. Gledeleg i år var at 8 damer stilte til start med verdensmeister Gro Marit Istad Kristiansen i spissen. Av herrene kom Leif Bjørn Grindedal fyrst opp til Stokksel foran fjorårsvinner Brage R. Dybdahl og veteran Kjetil Dyrvik. i mosjonsklassen var det 70 med smått og stort. Barneløpet samla 8 som sprang opp Stokkselvegen, ca.2km. Her var brødrene Håvard og Anders S. Berentsen dei fyrste.
God grillmat med kaker og kaffi attåt vart servert av 10. klasse m foreldre. Zumba- damene underholdt m dans,.og takket være Heine Aase vart det lyd i høgtalaranlegget i år og. Dei fleste kosa seg på stølsområdet på stokksel denne dagen, me fekk gode tilbakemeldingar frå løparar og mosjonistar om at dette var eit flott arrangemang.