Politiattest
På styremøtet 28.01.21 vart det bestemt at det frå no av vert endring ift til krav om framvising av politiattest då me endelig er så godt som i mål med oppryddinga som har vore til no.
Frå no av får ingen byrje eller fortsette i sitt verv eller rolle før ein har framvist politiattest.
For å få gjennomført dette i praksis er me avhengig av godt samarbeid mellom gruppeleiarar og politiattestansvarleg (Hovudsakleg Karina, eller Eivind)
Me ynskjer at de skal ha politiattest som ei fast sak på gruppemøta, og gje tilbakemelding til Karina etter møta dersom det er noko nytt.
Me kjem til å skrive ut formål på politiattestar og legge i møtelokalet på bygdahuset. Desse kan de levere ut til dei som ikkje vil søke digitalt.
Karina kjem til å sende ut lister til kvar gruppeleiar med namn på dei som er godkjent til å fortsette/byrje si rolle i idrettlslaget. Dette betyr at nokon foreløbig ikkje får fortsette i si rolle i idrettslaget. Då får ein ikkje delta på møter, trene fotballag, vere badevakt. Det blir dekans oppgåve som leiar å passe på at dette blir gjennomført.
Karina sender fortløpande ut informasjon til gruppeleiar når nokon er klar til å byrje i/fortsetje sitt verv.
Dersom du blir bedt om å levere politiattest til oss må du laste denne ned, fylle den ut, og så levere til politiet.
Når du får politiattesten i retur (enten i DigiPost eller i brev) må du vise denne til vår politiattestansvarleg Karina Prestegård. Me skal ikkje lagre politiattesten din. Vist politiattest er gyldig i 3 år.
For meir info om politiattest sjå:
https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest/
og
https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/
Her kan du laste ned føremål med politiattest om du er trenar eller oppmann.
Her kan du laste ned føremål med politiattest om du er i styret eller i undergruppene.