Nytt frå friidrett

 

Me 4 i friidrettsgruppa er: Olve Kjerland, leiar.  Thomas Sjøflot, Bente Espeland og Ingunn  Olsen. I vår har me arrangert 3 av dei 6 karusellritta på sykkel. Start på Kollanes og mot Nesheim. I mål fekk ungane frukt, sponsa frå Joker og Coop, og drikke. Bra frammøte, 21 stk på fyrste løp, litt mindre på de andre. Høstrittene er 27/8, 3/9 og siste blir 10/9 der det og blir premieutdeling.

 

I tillegg er me i gang med planlegging av Stokksel Opp som i år er 31. August. Vil gjerne ha litt hjelp til løypevakter, tidtakere, gåvepremier osv.

 

Helsing  Ingunn.

Lik oss på Facebook